fredag 7. november 2014

Vottar i ullfilt

Det har ikkje vore mykje aktivitet på bloggen i det siste. Dette skuldast mange ting, men det tyder ikkje på at eg ikkje har vore i aktivitet! Her har det blitt solgt, kjøpt og bygd hus, måla, tapetsert, vaska, flytta, kasta….. Puh! Nå er det 2. etasjen i nyhuset som kjem til å ta ein del av tida … Men, alt er ein overgang, sa reven…. Eg gler meg til eg kan ta i bruk glassomnen att! Men før det må eg kanskje helst ta fram symaskina og bunadane eg har starta på.

Symaskina har fått plass i nyhuset og har blitt innvidd het oppe med 3 par vottar. Elste barnebarnet har heilt sidan i fjor vinter ytra ønske om nye. Nå har ho funne farge og 2 av para har funne vegen til henne. Trur eg skal laga nokre fleire òg. Så får me sjå kva det blir til….

20141107_193719

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar